Toney Mountain

Toney Mountain er ein langstrekt snødekt skjoldvulkan, 60 km lang og med ei høgd opp mot 3595 moh ved Richmond Peak, 56 km sørvest for Kohler Range i Marie Byrd Land. Ein 3 km brei kaldera ligg på toppen av vulkanen og vulkanen kan ha hatt utbrot i holocen.

Toney Mountain vart truleg av fjella som vart sett frå avstand av Byrd og andre på flyturar frå skipet «Bear» i februar 1940. Det vart kartlagd i desember 1957 av eit lag som reiste over snøen frå Byrd-stasjonen til Sentinel Range, 1957–58, leia av C.R. Bentley som foreslo namnet, kalla opp etter George R. Toney, forskingssjef ved Byrd-stasjonen i 1957 som deltok på fleire ekspedisjonar til Antarktis.

Byrdstasjonen låg i Marie Byrd Land og var ein base nytta av Operation Deep Freeze. Stasjonen låg opphavleg ved 80°S, 120°W og vart sidan flytta til 80°S, 119°W. Basen vart kom i drift i 1957 i dei indre områda innanfor Bakutis Coast. Byrdstasjoen var den einaste store basen i det indre av Vest-Antarktis i mange år. I 1968 vart den første iskjernen som nådde heilt igjennom det antarktiske isdekket bora ut her. Stasjonen var bemanna året rundt, men vart nedlagt i 1972. Etter å ha blitt nytta om sommaren, vart Byrdstasjonen opna att av United States Antarctic Program (USAP) i 2009-2010 for å støtte operasjonar i det nordlege Vest-Antarktis.
Byrdstasjonen vart nytta som utgangspunkt for den antarktiske basen i skrekkfilmen John Carpenter's The Thing.