Marie Byrd Land
Marie Byrd Land er ein del av Vest-Antarktis som ligg aust for Ross isbrem og Rosshavet og sør for Stillehavet, og strekkjer seg austover om lag til ei linje mellom tuppen av Ross-isbremmen og Eights Coast. Det ligg mellom 158 °W og 103°24' W. Med i Marie Byrd Land er området mellom Rockefeller Plateau og Eights Coast fordi kontreadmiral Richard E. Byrd leia utforskinga av dette området. Namnet vart gjeve til området av admiral Byrd i 1929 etter kona hans. Det viste opphavleg til den nordvestlege delen av området, den delen som vart utforska det året.
Sjølv til å vere Antarktis, er området fjerntliggande og ingen nasjonar har gjort krav på området som utgjer det meste av Marie Byrd Land (delen aust for 150 °W). Det er det klårt største området på jorda som ingen har gjort krav på med eit areal på 1 610 000 km² (inkludert Eights Coast, like aust for Marie Byrd Land). I 1939 instruerte den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt medlemmane i United States Antarctic Service Expedition om å ta steg for å gjere krav på noko av Antarktis som kravområde for USA. Sjølv om det ser ut til at medlemmane gjorde dette, så vart ikkje krava formaliserte før 1959, då Antarktistraktaten vart danna. Somme publikasjonar i USA syner dette som eit USA-amerikansk område og Det amerikanske forsvarsdepartementet har ytra at USA har eit solid grunnlag for å gjere eit krav i Antarktis som følgje av aktivitetane deira før 1959.[2] Delen vest for 150 °W er ein del av Ross Dependency i New Zealand.