Mount Takahe
Mount Takahe er ein stor, snødekt skjoldvulkan som står 64 km søraust for Toney Mountain i Marie Byrd Land i Antarktis. Vulkanen er omtrent sirkelforma og måler kring 29 km på tvers og har ein kaldera som er opp mot 8 km brei. Med 780 kubikkilometer er han ein massiv vulkan. Vulkan kan ha hatt det siste utbrotet sitt i holocen og er derfor truleg ein potensielt aktiv vulkan.
Takahe vart truleg av dei sett frå avstand av Admiral Byrd og andre medlemmar av USAS på flyturar frå skipet «Bear» den 24. og 25. februar 1940. Det vart vitja i desember 1957 av medlemmar av Marie Byrd Land Traverse Party, 1957–58, som namngav det. «Takahē» er eit māori-namn om noko som ikkje kan fly.
Gill Bluff er ein skråning på nordvestsida av Mount Takahe i Marie Byrd Land. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne i U.S. Navy, 1959-66. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Allan Gill, ein polarlysforskar ved Byrd-stasjonen i 1963.